Hopp til innhold

Miljødirektoratet med ny rapport om klimamål for 2035: Slik bør Norge kutte utslepp det neste tiåret

KUTT, KUTT KUTT: Alle sektorar skal kutte klimagassutslepp, skriv Miljødirektoratet. Medan mange bybussar allereie har vorte elektriske, så må langdistansebussane etterkvart følgje etter.

Miljødirektoratet kom i dag med ei tilråding til kva som bør være klimamålet til Norge for 2035.

Rapporten «Eit 2025-bidrag som sikrar omstilling nasjonalt» viser kva omstilling alle sektorar i det norske samfunnet bør igjennom.

Norge bør ha som mål å redusere utsleppa av klimagassar med minst 80 prosent i 2035. Minst tre firedelar bør kuttast nasjonalt for å sikre omstilling av norsk økonomi og samfunnsliv, meiner altså fagekspertane til staten.

Det er Klima- og miljødepartementet som har bestilt rapporten, fordi alle land etterkvart skal melde inn eit forsterka klimamål under Parisavtalen for perioden etter 2030. 

Rike land med historisk høge utslepp har ekstra ansvar

– Parisavtalen er tydelege på at industrialiserte land må gå føre, og vi meiner at målet må vere i storleiksorden 80 prosent kutt i 2035 for at det skal reknast som ein rettferdig del av globale reduksjonar, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

KLART RÅD FRÅ ELLEN HAMBRO I MILJØDIREKTORATET: Parisavtalen ber industriland ta på seg absolutte mål for utsleppsreduksjonar som dekkjer heile økonomien. Foto: John Petter Reinertsen

For å redusere sjansane for dei mest dramatiske klimaendringane, tilrår Miljødirektoratet at Norges ambisjonsnivå bør ta utgangspunkt i det lågaste temperaturnivået i Parisavtalen – å avgrense temperaturauken til 1,5° C.

Ei rettferdig byrdefordeling tilseier då at rike land som historisk har stått for høge utslepp per innbyggjar, har eit ekstra ansvar for å bidra til utsleppskutt, argumenterer direktoratet.

Mer som dette?

Meld deg på vårt nyhetsbrev
– få elbilstoff rett inn i innboksen!

60 prosent bør takast heime for å sikre naudsynt omstilling av Norge

– Det er viktig at alle land tek ansvar for eigne utslepp. Norge har ikkje tidlegare meldt inn eit mål som seier noko om kor store delar av utsleppskutta som skal takast heime utan å kjøpe utsleppsreduksjonar i andre land, påpeikar Ellen Hambro og held fram:

– Eit slikt mål vil gi klare styringssignal, bidra til nødvendig omstilling og er mogleg å oppnå.

Diskusjonen om ein skal kutte utsleppa innanlands, eller om det er billigare å betale andre land for å kutte utslepp utanlands, har i fleire tiår vore ei skiljelinje i norsk klimapolitikk.

Norge har aldri før meldt inn eit klimamål utan at utsleppskutt som viser seg vanskeleg å gjere på heimebane, istadenfor kan kjøpast i utlandet. Dette kallast på fagspråket «fleksible mekanismar».

Kva råd får regjeringen og Stortinget for å sikre store utsleppskutt?

Nokon av tiltaka i rapporten kan bidra med store utsleppskutt, men det trengs forsterka og kraftige politiske verkemiddel for at dei skal skje innan tidsfristane. Døme på dette er:

I det heile tatt handlar svært mange tiltak i rapporten om elektrifisering.

Rapporten vurderer effekten av å elektrifisere alt frå bybussar og langdistansebussar, til motorsyklar, snøscootarar, jernbane og fly på kortbanenettet. For å nemne noko.

Miljødirektoratet foreslår:

Alle nye lastebiler i 2030 må være utslippsfrie

Felles for mange av tiltaka for store utsleppskutt, er at dei ikkje har så mykje direkte med kvardagslivet til folk i Norge å gjere.

Kva kan du gjere?

VG har derimot også laga ei oversikt over kva tiltak i rapporten som handlar om kvardagslivet til folk.

Altså korleis du som privatperson kan vere med på å bekjempe klimaendringane gjennom å endre vanar. Og om det faktisk skjer, er litt opp til deg, men igjen også kva klimapolitikk som styresmaktene legg opp til.

Her har du i alle fall ei 7-punkts liste du kan diskutere rundt lønsjbordet på jobben:

Dersom svaret er ja på det siste, så er tommelfingerregelen at du kuttar 2 tonn CO2 kvart einaste år.

Så du kan jo starte med å sjå om du finn ein passande bil for ditt behov i Elbilvelgeren:

skjermbilde av elbilvelgeren

Elbilvelgeren fra Norsk elbilforening

Les også