Hopp til innhold

Elektrisk stemning i Sogn og Fjordane

Denne artikkelen ble oppdatert for over ett år siden, og kan inneholde utdatert informasjon.

Ho fekk fyrste elbil i 2016, og no køyrer familien berre elektrisk. Denne veka vart ho også vald til å vere den fyste i Sogn og Fjordane til å leie arbeidet for at alle skal kunne gjere det same. Sogn og Fjordane elbilforening er stifta, og Berit Hornnes (50) er nyvald leiar.

Elbil for alle

Berit Hornnes er nyvald leiar i Sogn og Fjordane elbilforening
Torsdag 3. september 2020 møtte medlemmar av Norsk elbilforening i Sogn og Fjordane opp på eit historisk digitalt møte. Sogn og Fjordane elbilforening vart stifta, og eit nytt styre med Berit Hornnes i spissen vart valde til å kjempe for elbil i gamlefylket. – Mitt ynskje er at vi klarer å påverke den lokale elbilpolitikken slik at vi når målet for 2025 om at det berre blir selt nye nullutsleppsbilar seier den nyvalde leiaren. Med seg i styret får ho tillitsvalde frå Sogndal, Lærdal, Nordfjordeid og Førde. Nestleiar er Pål Kielland frå Sogndal.

Perfekt utgangspunkt

Det nye styret vil jobbe for at kommunar, næringsliv og folk skal gå saman for å bidra til eit betre klima, og redusere forureininga ved å elektrifisere vegtrafikken. Og til tross for lange strekningar og at framleis mange ventar på ein elbil som dekkjer fleire behov, har den nye leiaren trua. – Her lokalt har vi stolte tradisjonar for produksjon av fornybar kraft, for teknologi og innovasjon og ikkje minst bur vi i ein landsdel med store avstandar. Kombinerer vi dette har vi eit perfekt utgangspunkt for ein elbilboom også her i Sogn og Fjordane, seier ein entusiastisk nyvald leiar. Sogn og Fjordane har faktisk ei spanande fortid som elbilpioner. Allereie i 1969 vart firmaet Elbil A/S etablert i Førde for å produsere båe elbil og elbuss for å bidra til redusert luftforureining i eit Noreg med sterk vekst i vegtrafikken. Dei kom ikkje lenger enn til prototypane, men pioneranda og handlekrafta sit igjen i selskap som Tibber, som leverer tenester for strøm og smart lading, også frå Førde. Og prosessindustrien i gamlefylket har kunnskap og materialer som kan levere til elektrifiseringa som no kjem.

No kjem bilane for Sogn og Fjordingar flest

Optimismen rådde mellom deltakarane på stiftingsmøtet. Ikkje berre får Sogn og Fjordane ein eigen lokal elbilforening, no kjem også elbilane som mange folk har venta på. Det nye styret trur folk i området vil få auga opp for mange av dei nye elbilmodellane som både trekker sterkare og har lengre rekkevidde enn tidligare, noko som er avgjerande for ein del. Dei gler seg til å hjelpe alle nye elbilistar på vegane, enten dei bur i Sogn, Sunnfjord eller Nordfjord. – Vi kjem til å arrangere Ladeprat-arrangement ved hurtigladarane i Sogn og Fjordane for å hjelpe ferske elbilistar i gong, og vi skal arrangere glattkøyring slik at ein kan bli kjend med den nye bilen sin på all slags føre. Ein gjer lurt i å vert medlem Elbilforeningen om ein er i frå Sogn og Fjordane, smiler den nyvalde leiaren.

Styret i lokalforeininga

Det nyvalde styret er som følger: