Hopp til innhold

500 mil elbilferie i Nissan e-NV200 Evalia

Denne artikkelen ble oppdatert for over ett år siden, og kan inneholde utdatert informasjon.

På den første ferieturen kjørte vi cirka 2.300 kilometer med ein Nissan LEAF. Sidan har vi vore på Island og Færøyene. I år går turen austover – til Åland, Finland og Sápmi.

LESERKOMMENTAR: Når temperaturen fell under -16, og ungane syns det er mest logisk å bruke ski til skulen, då er tida komen til å planlegge sommarferien. De to siste åra har vi vore på familieferiar som mange andre ser på som galskap, og i år er det ikkje mange att som meiner vi er rett bevarte. Det starta i 2014, då ungane ville sjå kaptein Sabeltann i dyreparken. Som normal tobilfamilie ville det logiske vore å bruke fossilbilen og drøne nedover E6, forbi alle dei plassane hurtigladarane enno ikke var bygde. Men kvifor gjere det enkle og logiske, når ein kan gjere noe som er mykje meir morosamt? 2014: 2.300 km med kokt batteri Den første turen reiste vi i ein bruktimportert Leaf med råtne batteri som var kokte i California-sola. Då den andre batteristreken forsvann dagen før avreise, var det nesten så vi ombestemte oss. Men bilen var pakka og ungane var budd, så vi setta avstad. Leafen var hakket liten å sove i, så i tillegg til å ha med telt og bonuskort fulle av hotellpoeng, hadde vi booka nokre netter på Døveforeininga sine hytter i Brumunddal, Nesodden og Kristiansand. Hyttene er utruleg flotte og velhaldne, og du skal ikkje sove mange netter før medlemsskapet i Døveforeininga er nedbetalt. Når vi i tillegg fekk låne husly hos venner og familie, og tilbrakte ei natt i baroniet i Rosendal, skjønnar du kjapt at telta vart lite brukt. Ei natt på liggeunderlag, men sein avreise fordi telta var våte, var nok til at vi droppa den tanken. Vi bestemte oss for at telta skulle få vere heime neste gong. På den første turen lada vi i alle fylka sør for Trøndelag, og kjørte cirka 2.300 kilometer. Det var ikkje mykje tvil om at dette berre var den første av mange slike turar. 2015: Til Island og Færøyane med Evalia Vinteren 2015 fekk vi invitasjon til eit bryllaup på Færøyane, og til ein barneleir for døve på Island. Det hørtes jo morosamt ut. Problemet er berre at bilferja til Island kjem i land på austkysten, og det som fins av hurtigladarar er på vestkysten. Mellom dei to er det massevis av øydemark og lite anna. Men grundige studiar av kart, reiseguidar og reiseskildringar frå ulike bloggar og familie viste at det burde vere mulig. Så kom tilbakeslaget: i ein venstresving i en austlandsby tabba eg meg fullstendig ut og vraka LEAF-en. Heldigvis gikk det bra med folka, bilar kan ein alltid erstatte. At Leafen skulle bli erstatta med ein ny elbil var det ikke mye tvil om. Det var freistande å få noko med litt lengre rekkevidde, både Kia og Golf var høgt på ønskelista, men så starta vi å spekulere på det der med overnattingsplass. Med ein varebil ville det vere mulig å sove i bilen. I Norge satsar dei fleste på campingvogner og bobilar, mens campervan dreg tankane mot blomstrete hippiebilar og surferdudes. Men kor mykje er det eigentleg ein treng på ein ferietur? Særskilt når ein aldri kan reise meir enn 5 mil frå sivilisasjonen? Do og dusj er aldri langt unna, det same med straum. Etter mykje spekulasjon, og dialog med bilseljarar av variabelt kaliber, landa vi på ein Nissan eNV200 Evalia. Vi kunne ha klart oss langt med dei tre seta i bilar som Peugeot Partner og Citroën Berlingo, men det er praktiske å kunne bruke bilen som ein normal femsetar familiebil også. Saka fortsett under biletet. Ikkje plass til snikkaren Husbonden er sånn rimeleg praktisk anlagt, og slo saman ei grei sengeramme til bruk i bagasjerommet. Når vi så legg ned bakseta, er det akkurat plass til ein madrass på 120×200. Det er ikkje plass til snikkaren sjølv, men vi andre er så små at vi nesten kunne sove på tvers. I tillegg til senga, hadde vi ei uttrekkbar kjøkkenplate, og plastikkassar under senga til oppbevaring. Sidan vi sette att husbonden heime, fekk vi og ledig plass i passasjersetet framme. Der bodde ladekabel- og adaptersamlinga: Schuko, dansk schuko, blå CEE, raud CEE, type 2, steikeomnskontakt, etc. Island er ei stor øydemark, og det var til tider ikkje mange watt-timane att på batteriet. Straumen er billegare der enn i Noreg, så det var aldri problem å få låne ei stikkontakt eller kjøpe nokre timar med straum på ein campingplass. Det tek si tid å reise når ein skal lade på 6A, men vi fekk sett og opplevd utruleg mykje, bada i både små og store svømmehallar, og kryssa polarsirkelen på Grimsey. Nissan har diverre ikkje fått med seg at Island er i Norden, så i følgje kartet i bilen sumde vi rundt i Atlanterhavet heile ferien. Heldigvis hadde eg med ei gammal veibok som fortalte om kvar ein stein vi passerte. Over til Færøyane Færøyane er små, og avstandane er korte. Det fins ein ladestasjon i sentrum av Torshavn, og det er nesten så vi kunne ha klart oss med den. Særskilt sidan vi tilbrakte det meste av tida med å feire Olsok. Under Olsok er det så mange folk i Torshavn at du helst ikkje vil kjøre; det tek lengre tid å finne parkeringsplass enn å gå. Både på Island og Færøyane var det få andre elektriske bilar. På Island såg vi heilt tydeleg kor langt frå hurtigladarane folk med ulike biltypar vågar å bevege seg: Når vi kjørte frå aust til vest på Island dukka dei første Teslaane opp ved Akureyri, 30 mil frå næraste offentlege ladar i Borgarnes. Vi var så å seie i Borgarnes før vi såg dei første Leafane. Dette viser heilt tydeleg kor viktig offentlege ladestasjonar er: Vi fekk tak på straum overalt der vi for, og for lokalfolk som ladar mest heime skulle ein tru det var enno enklare, men folk flest tenker ikkje tanken på å investere i elbil før det dei oppfattar som nødvendig infrastruktur er på plass. På Færøyane trur eg berre vi såg tre andre elektriske bilar: Ein Leaf som var e-verket sin, og to turistar på tur frå Danmark og Norge med ein BMW i3 og ein Tesla. 2016: Til dei tusen sjøars land Etter lang tids drodling, og grundige evalueringar av fjoråret, har vi no landa på at vi reiser mot aust. Av dei åtte nordiske landa har vi gjort unna tre av fire i vesterled, og Grønland blir diverre for utfordrande akkurat no. I aust finn vi nasjonar som Åland, Finland og Sápmi; tusen sjøar, reinsdyr, Nordkapp, midnattssol, osb. Om vi startar i juni, så bør vi klare å vere heime att før skulestart? Det er drøyt 500 mil, men det er og fleire og fleire stader som har hurtiglading. Bilen fungerte bra i fjor, men har no fått nokre ekstra luksuselement. Straumen på det vanlege batteriet må vi ha til rekkevidde. Det betyr at både varme og aircondition vart nedprioritert i fjor. Vi hadde ein kjølebag som vi av og til plugga i sigarettennaren, men ofte vart heller ikkje det prioritert. Kokeapparatet var eit billig propanapparat frå Biltema, som korkje var miljøvennleg eller effektivt. Nytt solcelleanlegg og hengekøyetelt Til årets ekspedisjon har vi kjøpt eit solcelleanlegg som dekker heile biltaket, og diverse utstyr på 12V: Kjøleskuffe berekna på båt (40W), vasskokar (~100W), bitteliten varmeovn (~150W) og ei lita elektrisk vifte (~25W) Steikeplater krev frykteleg mykje straum, så der går vi for bioenergi. Irane utvikla eit kokeapparat for over hundre år sidan som varmar vatn og steiker mat på kvist og kvast. Vatnet kokar raskare på denne enn på komfyren inne. I tillegg måtte vi og innsjå at nokre av oss veks og blir lengre, så det kan bli trongt om alle skal sove inne kvar natt. Vanleg telt er framleis inga god løysing, så vi investerte i eit skikkeleg hengekøyetelt med svært god myggnetting. Vil du vite meir om korleis dette går? Følg familien på turbloggen!